Skotpremie

Luster kommune har skotpremie på fleire artar smårovvilt og rovfugl.

Føremålet med ordninga er å bremsa nedgangen av rype og anna hønsefugl ved å redusera predasjonen, og Luster austre fjellstyre har ansvar for kontroll og registrering. For å få utbetalt skotpremie må ein syna fram viltet, evt alle føtene. Ta kontakt med Inger Moe på tlf 917 13 559 for å avtala kontroll. Du kan gjerne kappa av labbane og oppbevara dei i frysaren, det er ingenting i vegen for å samla opp litt. 

Hugs at viltet må vera fanga eller felt med lovleg reiskap og innanfor jakttida som gjeld for den aktuelle arten, og at ordninga berre gjeld for vilt som er felt/fanga i Luster kommune.

Det er skotpremie på desse artane:

  • Raudrev kr 600,-
  • Mink kr 70,-
  • Mår kr 200,-
  • Kråke kr 50,-
  • Ravn kr 100,-
  • Grevling kr 300,- 

(satsar 2024-26)

Kontaktinfo skotpremiekontroll: Inger Moe, tlf 917 13 559, epost:  fjellstyret@lusteraustre.no