Er eit tilbod til ungdom busette i Luster mellom 13- 19 år. Dette er eit tilbod som gjeld frå alle opne arrangement i Luster kommune og i kulturhuset i Sogndal, ungdomsklubb Gaupne / Hafslo, også treningar, møte, kurs, teater og kino.
Må vera minst to passasjerar.
Ein ungdom kan kontakte drosjen til dømes eit par dagar før ein tur og melde interesse, førebels tinging. Drosjen melder attende på turdagen om det er fleire interesserte og om det då blir fellestur innanfor ordninga, eller om det berre var ein bestilling, dvs ikkje innanfor ordninga.
Eigenbetaling er 50,- kr pr gang pr person kvar veg.
Du bestiller tilbodet hjå Luster Taxi, tlf 57 68 16 20, sei ifrå om at du skal nytte denne ordninga.