Bringebakkane
Ørjan Talle
🌿 Natur og omgjevnader
Feltet ligg luftig og solrikt til med flott utsyn over bygda Luster, Lustrafjorden og Sørsida. Tomtene vender mot sør-aust, noko som gir mykje sol gjennom heile året.
🚶 Nærleik til kvardagen
Kvartdagstilbod ligg like i nærleiken: butikk, barnehage og skule er i gangavstand, og det er kort veg til busshaldeplass. Her bur du sentralt og praktisk, samtidig som du har fjord og fjell tett på.
📍 Avstandar
ca. 16 km til kommunesenteret Gaupne
ca. 25 km til Heggmyrane skisenter
ca. 27 km til Turtagrø (porten til Sognefjellet)
ca. 44 km til Sogndal (handel, kultur og arbeidsplassar)
🏠 Kort oppsummert
Bringebakkane bustadfelt byr på romslege tomter, solrike dagar og vakker fjordutsikt – eit perfekt val for familiar og andre som ønskjer å byggje hus i Luster.
Ved kjøp av tomt, kjem det tillegg kostnader med tilknytingsavgift og oppmålingsgebyr i samsvar med Luster kommune sine betalingssatsar, samt kostnader med dokumentavgifter i samsvar med staten sine satsar.
Prisliste - tomter i kommunale bustadfelt
Reglar for tildeling av tomt i kommunale bustadfelt i Luster kommune. (PDF, 121 kB)
Søknadsskjema, tomt i kommunale bustadfelt.