
🌿 Natur og omgjevnader
Sjølv om feltet ligg sentralt, har du flott utsikt mot fjella rundt Gaupne og enkel tilgang til tur- og friluftsområde i nærområdet.
🚶 Nærleik til kvardagen
Verket 2 ligg i gangavstand til heile kommunesenteret, med fortau heilt fram:
- ca. 600 m til sentrum med butikkar
- ca. 900 m til busshaldeplass
- ca. 700 m til både barne- og ungdomsskule
- ca. 1 km til barnehage
- Butikk, bakeri, barnehage og skule ligg òg i kort gangavstand frå dei øvste tomtene i feltet.
📍 Avstandar
- ca. 30 km til Sogndal (handel, kultur og arbeidsplassar)
- ca. 12 km til Heggmyrane skisenter
- ca. 42 km til Turtagrø (porten til Sognefjellet)
🏠 Kort oppsummert
Verket 2 bustadfelt er eit godt val for deg som ønskjer å bu sentralt i Gaupne, med moderne tomter, gode soltilhøve og alt av kvardagsfasilitetar i gangavstand.
Ved kjøp av tomt, kjem det tillegg kostnader med tilknytingsavgift og oppmålingsgebyr i samsvar med Luster kommune sine betalingssatsar, samt kostnader med dokumentavgifter i samsvar med staten sine satsar.
Prisliste - tomter i kommunale bustadfelt
Reglar for tildeling av tomt i kommunale bustadfelt i Luster kommune. (PDF, 121 kB)
Søknadsskjema, tomt i kommunale bustadfelt.