Grensejustering/makeskifte

For å rette opp ulagelege grenser mellom eigedommar kan ein foreta ein grensejustering. Av omsyn til panterett er det berre mindre areal som kan overførast mellom eigedommane.

Ved grensejustering/makeskifte kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle eigedommane, jf. matrikkellova § 16 og matrikkelforskrifta § 34. Storleik areal kan overførast ved arealoverføring eller frådelast og seinare eventuelt samanslåast. Ved grensejustering kan arealet for involverte eigedommar aukast eller reduserast med inntil 5 prosent av den minste eigedommen, men maksimalt 500 m². Ein eining kan likevel ikkje avgje areal som i sum overstig 20 prosent av eininga sitt areal før justeringa. Grensejustering skal ikkje redusere eller auke verdien på nokon av dei involverte einingane med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp. 1G

Med makeskifte meinast gjensidig overføring av areal mellom to eigedommar. Areala skal vere nokolunde like i storleik og verdi.

Panterett fell vekk i areal som avstår frå ei matrikkeleining ved grensejustering, og panterett i matrikkeleininga som får tillagt areal blir utvida til også å gjelde dette.

Ved grensejustering treng det ikkje utferdigast skøyte, da partane si underskrift i protokollen erstattar dette.