
For å sikre at utrykkingskøyretøy kjem fram når det er naudsynt, er det utforma ei parkeringsordning i Solvorn. I tillegg til at det tryggjer framkome i naudsituasjonar, vil det òg sikre at bussar klarar å snu og at det vert betre tilhøve for dei besøkande som skal parkere.
Parkeringsordninga har fleire moment i seg:
- det er ikkje avgiftsparkering.
- det er parkeringssone langs fylkesvegen ned til ferjekaien. Det betyr at det kun er lov å parkere på oppmerka plassar og ikkje langs fylkesvegen på det området som er skilta med parkeringssone. Om ein ikkje overheld dette kan ein få eit parkeringsgebyr.
- På kaien er det skilta og oppmerka der det er høve til å parkere, og det er mogleg å parkere der i maksimalt tre timar (sjå lilla område på kartet). Parkeringa må registrerast på automaten som står ved det offentlege toalettet eller nytte EasyPark-appen (takstgruppe 44456). Om ein ikkje registrerar parkeringa eller står lengre enn tre timar, kan ein få ein kontrollsanksjon.

- Bak butikken/kafeen er det reservert plassar til HC, og for dei med gyldig P-bevis (eigedomar utan eigen parkeringsplass, sjå raudt område på kartet). Det er parkeringsplass langs fylkesvegen ikkje langt frå kaien, samt ved kyrkja. Ved kyrkja er det laga til fleire parkeringsplassar slik at det er skal vere mogleg å finne offentleg parkeringsplass i Solvorn. Det einaste vilkåret på parkeringsplassen ved kyrkja er at det berre dei med gyldig løyve som kan nytte parkeringsplass reservert for rørslehemma.
- Det er Luster kommune som har innført parkeringsordning. Det er inngått avtale med Sogndal kommune om å utføra det praktiske kontrollarbeidet og å handsama eventuelle klager på kontrollsanksjonar og parkeringsgebyr. Luster kommune er kontaktpunkt for andre førespurnadar.