Når kommunen mottar søknader om løyve, ber vi alltid om ein uttale frå politiet, kemneren og skatteetaten. Dei melder frå til kommunen om forhold som tilseier at søknaden ikkje bør innvilgast. Kravet til uklanderleg vandel i alkoholloven og serveringsloven skal vere oppfylt.
I tillegg utfører kommunen vandelsvurderingar av løyvehavarar, eigarar og andre sentrale aktørar i driftsperioden. Desse vandelsvurderingane blir gjort på bakgrunn av opplysningar kommunen får frå mellom andre politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene.