Kontroll av sal, servering og skjenking

Kontrollar

Ansvarleg sal og skjenking er bevillingshavar sitt ansvar. Kommunen har inngått avtale med Securitas om å utføre lovbestemte kontrollar av butikkar, restaurantar, barar, pubar osb. for å sjå om alkoholsalet er forsvarleg og i samsvar med regelverket.

Målet er at Luster skal vere ein trygg kommune med seriøs drift av serverings- og skjenkestadene.

Kontrollane består av:

  • Vandelsvurdering i samband med søknadsbehandlinga og i driftsperioden
  • Salskontrollar i butikkar og skjenkekontrollar på restaurantar, barar, pubar
  • Råd og rettleiing før du søker og i driftsperioden.

 

 

 

Konsekvensar ved brot på regelverket

Ved brot på alkoholloven blir det tildelt prikkar.

Kommunen utfører sals- og skjenkekontrollar i Luster. Dersom vi etter ein kontroll konkluderer med brot på alkoholloven, er vi forplikta til å tildele prikkar. Om ein sals- eller skjenkestad i løpet av to år får tolv prikkar, er vi forplikta til å inndra sals- eller skjenkebevillinga i ei veke. Når bevillinga er inndratt, kan ikkje staden selje eller skjenke alkohol.