Skjenkeløyve

All servering av alkohol mot betaling/ vederlag krev skjenkeløyve. Det kan søkjast om skjenkeløyve for øl, vin og brennevin.

Skjenkeløyva i Luster kommune

Skjenkeløyve gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode.

Skjenkeløyve vert gjeve til den som er økonomisk ansvarleg for verksemda. Løyvehavar kan vere ein fysisk person eller eit ansvarleg selskap, eit aksjeselskap eller ein samanslutning.

Den som får skjenkeløyve må også ha serveringsløyve, jfr. serveringslova

Når treng du skjenkeløyve?

Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode.

  • Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve. 
  • Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart. 
  • Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. 

Korleis få skjenkeløyve?

  • styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve
  • dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve
  • styrar og varastyrar må vere over 20 år
  • styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • det er krav om uklanderleg vandel 

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. 

Her kan du søke om fast skjenkeløyve 

Vedlegg du må ha med i søknaden 

  • firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no
  • foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og for føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.no
  • skatteattest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no
  • teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering
  • vitnemål frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at styrar og varastyrar har greidd prøva
  • såkalla "konseptutgreiing": opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen.   

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om skjenkeløyve. 

Korleis levere omsetningsoppgåve?

Alle som har eit skjenkeløyve skal betale eit årleg bevilligsgebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsette neste år. Kvar skjenkestad må melde inn omsetningsoppgåve for alkoholhaldig drikk kvart år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6.

Her kan du melde inn omsetningsoppgåve

 

Søke løyve (ambulerande/enkelthøve) eller søke endringar i løyve


Lover, forskrift og lokale vedtak