Bruksutbygging- lån i næringsfondet

Kommunen har eit eige næringsfond, og kan gjennom det gje både lån og tilskot til bruksutbygging.


Lån vert gitt til fysiske investeringar: Bygg og utstyr. Låna kan gjevast med rente- og avdragsfri periode på inntil 3 år. 

Tilskot vert gitt til utviklingstiltak slik som oppstarting, planlegging og prosjektering, undersøking, produktutvikling, marknadsundersøking og marknadsføring, samt opplæring /kompetanseoppbygging.

I dokumentet «Grunnlag for handsaming av næringssaker» (PDF, 594 kB) finn du meir detaljert informasjon om korleis kommunen sine tilbod til næringslivet er. 

Her finn du søknadsskjema Næringsfond - søknad om lån eller tilskot



 

Slik søkjer du

Skriv ein ein kortfatta søknad/ e-post der du skriv at

  • du søkjer om lån i næringsfondet
  • kva eigedom det gjeld (gbnr)
  • føremålet med lånet (ombygging, nybygg, oppgradering, anna..)
  • kor mykje du søkjer om, evt. at du søkjer om max. lån
  • legg ved finansieringsplan/ kostnadsoverslag

Søknad med tilråding vert lagt fram for formannskapet og næringsutvalet.



Innovasjon Noreg sine ordningar

Innovasjon Noreg kan gje støtte til bruksutbygging i landbruket og til tilleggsnæringar med basis i landbruket. Det kan til dømes gjevast tilskot til nybygg eller utbetring av driftsbygningar, etablerartilskot, bedriftsutvikling, frukt og bær m.v. 

Sjå Innovasjon Norge si prioritering av landbruksmidlar

Alle søknader skal gå gjennom kommunen.