Ved vurdering av om ein gjenstand skal reknast som avfall etter Forurensningsloven, vil eigar si oppfatning av gjenstanden som reiskap, samlarobjekt, kunst eller liknande kunne ha betydning. Samstundes må kommunen byggje vurderinga på objektive kriterium.
Ifølgje Miljødirektoratet kan ein gjenstand verte vurdert som avfall ut frå mellom anna plassering, tilstand, funksjon og utsjånad, uavhengig av kva eigar meiner.
Ved vurderinga legg kommunen særleg vekt på om:
- gjenstanden utgjer ein ureiningsfare,
- gjenstanden er skjemmande eller til skade eller ulempe for miljøet,
- gjenstanden er defekt eller ikkje lenger fungerer til sitt opphavlege formål,
- gjenstanden har vore ute av bruk over lengre tid,
- gjenstanden er lagra eller handtert på ein forsvarleg måte,
- gjenstanden oppfyller krav som normalt gjeld for denne typen produkt,
- vidare bruk krev omfattande reparasjonar eller kostnader,
- eller gjenstanden framstår som overflødig i høve til verksemda eller bruken den skriv seg frå.
Kommunen gjer ei samla vurdering av desse momenta. Gjenstandar eller køyretøy/anleggsmaskiner som over tid har vore lagra utandørs, manglar delar, er utsette for omfattande slitasje, er overgrodde av vegetasjon eller kan medføre skade på miljøet, vil normalt kunne verte vurderte som avfall.
Dersom heilheitsinntrykket tilseier at gjenstanden er avfall, er det ikkje avgjerande at han framleis kan ha verdi som til dømes delelager, metallskrap eller samlarobjekt. Gjenstanden kan då framleis verte rekna som avfall etter Forurensningsloven.
Dersom gjenstanden utgjer ein ureiningsfare, skal han leverast til godkjent mottak i samsvar med regelverket.