Tilsyn og kartlegging av private avløpsanlegg

Bakgrunn for tilsyn og kartlegging av private avløpsanlegg i Luster kommune

I Luster kommune finst det i dag om lag 1300 private avløpsanlegg. Mange av desse anlegga oppfyller ikkje lenger dagens krav til reinsing eller dei byggtekniske krava som vart innførte i 2007.

Utslepp frå eldre private avløpsanlegg utgjer ein vesentleg del av den lokale ureininga i kommunen sine vassførekomstar. Slike utslepp bidreg mellom anna til tilførsel av næringssalt til Sognefjorden og er difor ein medverkande faktor til oksygentapet som er registrert i  fjordbassenget.

Som ureiningsmynde etter kapittel 12 i ureiningsforskrifta har kommunen plikt til å følgje opp utslepp frå mindre avløpsanlegg og arbeide for å redusere ureining av vassdrag og vassførekomstar i kommunen.

Tilsyn og kartlegging av eldre private avløpsanlegg er difor naudsynt for å identifisere anlegg som ikkje er i samsvar med gjeldande regelverk, og for å kunne krevje oppgradering der dette er nødvendig.

Oppgradering av eldre private avløpsanlegg er eit viktig verkemiddel i arbeidet med å sikre vern og berekraftig bruk av vassmiljøet. Dette er avgjerande for å ta vare på miljøtilstanden i ferskvatn, grunnvatn og kystvatn, både lokalt i kommunen og regionalt i Sognefjorden.