Forureina grunn er grunn der jord eller lausmassar inneheld helse- eller miljøskadelege stoff over fastsette grenseverdiar. Dette kan til dømes vere olje, tungmetall, kjemikaliar eller restar frå tidlegare industri, verkstad, fyllingar eller avfallsdeponi.
I mange tilfelle er forureininga ikkje synleg, og kan liggje skjult i grunnen over lang tid utan at eigar er kjend med det. Ved graving, bygging eller andre terrenginngrep kan forureina massar verte spreidde og utgjere risiko for menneske, dyr og miljø.
Ved byggje- og gravearbeid har tiltakshavar ansvar for å undersøkje om grunnen kan vere forureina. Dersom det er mistanke om forureining, kan det vere krav om miljøtekniske undersøkingar og utarbeiding av tiltaksplan før arbeidet startar, jf. Forurensningsforskriften kapittel 2.
Typiske område der det kan vere fare for forureina grunn er:
- eldre industri- og verkstadområde,
- tidlegare avfallsfyllingar,
- område med bilopphogging eller lagring av køyretøy,
- kaier og hamneområde,
- område der det har vore tankanlegg eller drivstofflagring,
- ureining på privat grunn grunna forsøpling og/eller ulovleg handtering og lagring av spesialavfall,
- bygg med asbest.
Som tiltakshavar må du hugse å:
- Vurdere om det kan vere forureina grunn
- Undersøkje om det kan vere forureina grunn
- Utarbeide tiltaksplan for opprydding
- Sende inn tiltaksplan til kommunen for godkjenning
- Sende inn rapport til Grunnforurensing ved gjennomføring av tiltaket
Husk at ulovleg oppbevaring av spesialavfall på private eigedomar kan føre til ureinina grunn. Slike tilfeller vil bli registrert i grunnforurensingsdatabasen og det vil bli registrert som heftelse på eigedomen i matrikkelen.
Forureina massar skal handterast og leverast til godkjent mottak i samsvar med gjeldande regelverk. Det er viktig å avklare dette tidleg i planlegginga av eit bygge- eller graveprosjekt for å unngå skade på miljøet og uventa kostnader.
Miljødirektoratet sitt faktaark om «Grunnforurensing – bransjer og stoffer M-813 / 2017» gjev informasjon om mogleg grunnforureining som kan oppstå.