eDialog - slik fyller du ut skjema

Å sende dokument via e-post kan vere ein usikker kanal, og kan i verste fall stoppast i spamfilter. Ved å nytte tenesta eDialog, opnar Luster kommune for at du kan sende inn dokument via ein sikker kanal. For å bruke tenesta må du autentisere deg ved hjelp av
ID-porten

  • Vel om du er privatperson/innbyggar (fødselsnr.) eller om du representerer ei verksemd (org.nr).
  • Obligatoriske felt er merka med *
  • Gi ei god skildring av sendinga di. Kommentarfeltet blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga.
  • Er kommunen sitt saksnummer kjent, ver grei og skriv dette i feltet «tittel» saman med tittel på innsending. Eks.: «18/4117 – Søknad om ferdigattest».
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg. NB: godkjende filformat er kun pdf, png, jpeg, tiff, xml, text, mpeg video, mp3 eller wav.
  • Klikk på «Send sikkert til Luster kommune». Du vil få ei kvittering på epost

Til eDialog