Valdagen for Stortingsvalet 2025 er den 8. september
Luster høyrer til Sogn og Fjordane valdistrikt der det skal veljast 4 representantar til Stortinget. Sjå eigen artikkel om kva parti som stiller liste til valet.
Stemmerett
Du har stemmerett dersom du oppfyller desse vilkåra:
- Norsk statsborger
- Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
- Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og medlemer av deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet.
Står du i manntalet?
Manntallet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. For å kunne stemme må du stå innført i manntalet.
Veljarar busett i Norge blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.
Flyttar du til en anna kommune etter 30. juni, har du stemmerett i den kommunen du flyttar frå.
Er du ny statsborgar?
Som ny statsborgar med stemmerett, blir du ført inn i manntalet i kommunen der du er folkeregistrert som busett i.
Bur du i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert busett i:
- Har du vore busett i Noreg i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du sist var registrert som busett.
- Har du budd meir enn 10 år i utlandet blir du ført inn i manntalet i kommunen du sist var registrert som busett i når du stemmer.
Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemmer, som aldri har vært registrert som busett i Norge, blir ført inn i manntalet i Oslo kommune.
Du får ikkje valkort i år
Nytt frå dette valåret er at det ikkje blir sendt ut valkort, men dei som har stemmerett vil få informasjon om kva kommune dei kan stemme i på valdagen.
Du kan sjekke manntalet
Frå ca. 25. juli kan du sjekke om du står i manntalet.
Manntalet blir lagt ut på infotorget på rådhuset.
Du kan også ringe rådhuset, 57 68 55 00 og spørje om du står i manntalet.
Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at feilen blir retta opp. Kravet skal vere skriftleg og grunngjeve, og sendast til: Luster kommune, valstyret, Postboks 77, 6866 Gaupne.
Legitimasjon
Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme. Det er eit minstekrav at legitimasjonen har eit visst offisielt preg, og inneheld veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Legitimasjon kan vere pass, bankkort med bilete og førarkort – ogso digitalt førarkort Anna legitimasjon med bilete vil og bli godkjent.
Informasjon:
Du finn mykje god sentral informasjon på www.valg.no