A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tiarvener og teljemeistrar

Torsdag jobba vi med tiarvener, flest og færre og teljing i matematikkøkta. I tillegg repeterte vi partal og oddetal frå sist veke.

 

Tiarvener på tur
Tiarvener på tur
Trappetrinnteljing
Trappetrinnteljing

Ti mjølkekorker på kvar pult  vart til ti gode vener som skulle ut på tur. Dei stod oppstilte to og to, partal! 3 forsvann opp i ein eplehage. Kor mange stod att i rekkja?...Og mangt og mykje hende med desse ti venene, heldigvis kom alle ti tilbake til skulen, to og to!

Etter jobbing i bøkene, gjekk vi ut og skulle finna noko å telja. Dei teikna og telte, nokon telte trappetrinn, nokon fjøler, lamper og tre. Veldig motiverte teljarar!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS