A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tilsetjingar for skuleåret 2015/16

Det er gjort ei rekkje tilsetjingar for skuleåret 2015/16

Det er no tilsett ny inspektør ved skulen. Cathrine Teigen Volle er tilsett, ho kjem frå lærarstilling ved Solvorn oppvekstsenter. Cathrine har tidlegare jobba som lærar ved HBU, og me ynskjer ho velkomen tilbake!

Kari Merete Henjum og Kjerstin Lomheim Bremer er begge tilsett i faste lærarstillingar. Dei har jobba i vikariat i ei årrekkje. Me er glade for at dei no har fått faste lærarstillingar hjå oss. Eirik Hellebust Menes er tilsett som fast vikar. Eirik er nyutdanna allmennlærar, men har siste åra vore mykje vikar hjå oss, og på Kaupanger skule.Velkomen til HBU Eirik!

Elin Hilleren, Runar Hatlevoll, Lene Therese Berge og Anette Skarsbø er tilsett i vikariat ved skulen komande skuleår. Alle har jobba ved skulen siste åra, og me er glade for at dei held fram på HBU.

Me ynskjer alle lukke til med jobben på HBU!

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS