A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tysdagsmatte

Tysdagane har 1. og 2. klasse ei økt med matematikk i lag, og då prøvar vi å legga inn aktivitetar og stasjonar med ulikt innhald.

Dagens dag og tal
Dagens dag og tal
Kasta erterposar
Kasta erterposar
Bowling-rekning2
Bowling-rekning2
Bowling-rekning1
Bowling-rekning1
Ringspel
Ringspel
Resultatskjema
Resultatskjema

I dag starta vi med dag og dato som vanleg, og sjølv om læraren tenkte å hoppa over dagens tal, fordi 17 er eit primtal, meinte elevane at det var no vel eit flott tal å forska på...  Det hadde dei sjølvsagt rett i! 2. klassingane kan fortelja mykje om dagens tal utan spørsmål, og no kjem 1. klassingane raskt etter dei òg!

Etterpå trekte vi tre grupper som skulle jobba i lag i dag.  Alle skulle innom tre stasjonar med teljing i dag: Ringspel, bowling og erteposar i ringar.

Særleg på bowling var det mange tal å legga saman, og fingrar og kuleramme måtte takast i bruk, men summar vart det. Ganske høge òg, faktisk over 100!

Teljing er viktig; opp og ned, tel med 2,3 eller 5 i gongen.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS