A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Utebord i nytt design

Uteborda våre har sett stusselege ut, og det tenkte me at me ville gjera noko med!

Arbeidsteikning
Arbeidsteikning
Kosting av støvet før måling
Kosting av støvet før måling
Arbeidsteikninga teke i bruk
Arbeidsteikninga teke i bruk
Blanding av fargar
Blanding av fargar
Deko-bordet
Deko-bordet
Regnbogebordet
Regnbogebordet
Her blir det ny farge!
Her blir det ny farge!
Splash-bordet
Splash-bordet

Storskulen har denne veka jobba med å friske opp utemiljøet litt, og uteborda byrjar verkeleg å få ny drakt! Me hadde tre utebord med benkar som ikkje såg spesielt fine ut, og storskulen fekk i oppdrag å måle dei. Dei kom med idèar om korleis dei ville dei skulle sjå ut og kva dei kunne gjera, og det var enkelt å fordele dei på tre grupper ut frå kva bord dei ynskte å jobbe med. 

Pussinga var unnagjort forrige veke, så denne veka var det å gå i gang med å teikne arbeidsteikningar, koste vekk støvet frå pussinga, førebu til måling ved å leggja plast under borda (noko som viste seg å vera særs nødvendig!) og så ENDELEG få starte målinga! Nokre fekk svinge målarkosten med ein gong for dei skulle berre ha ein grunnfarge i starten, medan andre måtte byrja med å blande fargar. Det er reine magien - og mange flotte fargar blei det! Skuffelsen var stor dagen derpå då det regna og me ikkje kunne fortsetja målinga...       

Det kunne me heldigvis i dag! Borda nærmar seg ferdigstilte, berre litt meir måling og noko justering og stabilisering av bordbeina står att. Det blir spennande å sjå korleis dei blir til slutt. Resultatet får de, om ikkje før, i alle fall få sjå på kulturøkta neste fredag.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS