A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
skulekjøkken

Veke 39

Nok ei veke er over, i denne vekeoppsummeringa fokuserar me på litt anna enn kva klassane har gjort denne veka.

Ikkje så mykje formidling frå klassane denne veka, men meir generell orientering.  

Likevel, 8. klasse har blant anna vore på tur til Fivla, og den vil me komme attende til seinare.

Som de er kjende med så har skulen, og alle barnehagar og skular i kommunen lesing i alle fag som satsingsområde. Det er viktig at elevane les heime, også i helgar og feriar. Lesing er heilt avgjerande for elevane si utvikling, og me vonar at me saman skal gjere dette på ein så god måte som mogleg. Vedlagt her ligg den kommunale leseplanen som er nyttig for skulen og heimen. Overordna+leseplanfor+bhg+og+skulane+i+Luster+kommune,+130814.pdf

"Fyrste" byggesteg nærmar seg no slutten, og det nye skulekjøkkenent vil me ta i bruk komande veke. Mellomsteget flyttar i nye klasserom etter hausteferien, me overtek romma komande veke, og brukar delar av den veka, og haustferieveka til å klargjere romma for elevane. Garderobane til desse klasseromma er  ikkje klare, men me har greie garderobeløysingar som me brukar dette skuleåret.

Me gler oss til å ta i bruk nokre deler av "nye skulen".

 

Ha ei gode helg!

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS