A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 42

Etter ein flott haustferie, var me måndag i gang att med ei ny skuleveke.

1
5

Elevane kom rask inn att i rutinane etter haustferien, og for mellomsteget var det spesielt måndag då dei starta i nye klasserom i Fellesbygget/SAmfunnsbygget. Bruken av romma har gått greitt, nokre tilpasningar/manglar er det, men etterkvart skal alt fungere som det skal.

Hausten er framleis fin, og me har hatt klassar på gåturar, sykkelturar mm denne veka og. 2. og 3. klasse har lagt ut fine reportasjar m/bilder på klassesidene sine frå deira turar. 5. klasse spelar no blant anna gitar i musikktimane, eit instrument som dei kan få stor nytte og glede av!  9. og 10. klasse har hatt framføringar i høvesvis engelsk og valfaget trafikk. Elevane får presentere arbeidet sitt gjennom foredrag, noko som er utviklande og lærerikt på mange måtar.

Tysdag hadde me vitjong frå to karar som hadde musikalsk framføring med "Trekkspel på tur" for 1.-7. klasse. Ei kjekk musikkøkt med dyktige musikarar.

På personalsida er det starta to nye lærarar; Mirjam Tverberg og Lillian Henjum. Dei er inne i vikariat då det er lærarar som er ute i permisjonar. Ane Hestad er tilsett som assistent, ho jobbar som assistent på SFO og i skulen. Velkomen til Hafslo barne- og ungdomsskule.

Komande veke får me mange studentar til skulen. Det vert studentar i 1. klasse, 4. klasse, 7A og 10. klasse dei komande 2-3 vekene.

Tysdag 20. oktober skal me ha den årlege "Gå til skulen-aksjonen". Det vert det då møtepunkt på fylgjande plassar:

-Hillestad turistheim

-Sætre

-Nistevegen v/Oddny Ahlin

-Kryss v/Beheimsfeltet

-Skulebussane stoppar ved Gamlestova bhg.

Det vil vere lærarar/assistentar som går frå dei ulike plassane saman med elevane. Hugs refleks!

Når elevane kjem til skulen, går dei til nedsida av Samfunnsbygget.

Ha ei gode helg!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS