A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 44 er over

Ja, så er me straks i november...

ALDERSBALNDA1-OKT
ALDERSBLANDA2-OKT
ALDERSBLANDA3
KJØKKEN1
KJØKKEN2
KJØKKEN3

I Trollskogen er det i ferd med å skje spennande ting, restaurering av Gapahuk, og rydding av området. Målet vårt er at det skal verte ein "utebase" som me framleis kan nytte oss av framover, og at me har gode "fasilitetar" der som gjer at me kan vere der i all slags vèr.

Vårt nye og flotte skulekjøkken er no i ferd med å verte "innkøyrd", og mange av elevane har fått prøvt seg der. Elevane briljerar på kjøkkenet, så det er berre å sleppe dei til heime....

1.-4. klasse hadde torsdagskveld "Kulturkafè", der dei underheld foreldre, sysken m. fl med sang og dans. Etter underhaldninga var det servering av mat og drikke. Ein flott kveld, der inntektene går til  FORUT-aksjonen der me støtter barn i Nepal. Me kjem tilbake med eigen reportasje frå Kulturkafèen.

10. klasse var måndag og tysdag på hospitering hjå vidaregåande. Her fekk dei mykje informasjon om vidaregåande skule, og dei fekk hospitere på linjer som er aktuelle for dei einskilde elevane. Dette kan nok vere med på å gjere valet for kva linje dei skal søke seg inn på vidaregåande.

Ha ei gode helg!

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS