A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
vestibylen

Vekebrev

August er over og me har starta på september, fyrste haustmånaden! Då er heile "gamleskulen" rive ned og entreprenøren held på å rydde opp.

Pr. dags dato er det litt trangt og småskummelt ned bakken og parkeringsområdet ved barnehagen. Entreprenørane har fått beskjed frå skulen om å ha pause mellom kl. 8.00 og 8.30 om morgonen. Så håpar me på at dei tek omsyn til det. Ellers så går skulekvardagen sin gang med både inne- og uteaktivitetar. Skuleveka som kjem vil vere travel på mange måtar. Det er dysleksikurs for elevar, lærarar og foreldre måndag. Tysdag får skulen besøk av ein stortingspolitikar som vil sjå og lære om på tidleg innsats og PALS. 9. klasse og 10. kl. har foreldremøte tysdag kveld og SFO onsdag kveld. Torsdag er det aktivitetsdag i Gaupne for alle elevane. Då skal me vere i aktivitet på mange ulike måtar på tvers av skulane. Det er laga ein eigen song for dagen og den får urpremiere då. Fredag kl. 8.30 er det DKS for ungdomskulen. Med det flotte biletet av Vestibylen på barneskulen ynskjer me alle ei god skuleveke!

I Luster.docx PDF document ODT document

I Luster.mp4I

luster test.mp3

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS