A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering for veke 38

Ei litt forseinka vekeoppsummering denne veka, men her er den.

HELGA MAY
HELGA MAY2

Denne veka starta me att med skulesymjinga, skulen har framleis måndag og torsdag som symjedagar, og klassane er på symjing etter ei "rulleringsordning".

1. klasse var på ny tur til "kråkeskogen" der trivst dei veldig godt, og dei får mange gode undervisningsøkter og aktivitetar der. Sjå klassen si heimeside for meir. 2. klasse har pynta vindaugene i klasserommet med krystallar......flotte bilde på sida deira. 3. klasse har denne veka fått utdelt blokkfløyter, og onsdag fekk dei prøve desse. Ivrige og flinke elevar som vil "knekke" blokkfløytekoden raskt.

Mellomsteget var tysdag med på den kommunale friidrettsdagen, ein dag som var vellukka på alle måtar. Sjå eiga sak om den¨på heimesida.

8.-9. klasse er  opptekne med nasjonale prøvar denne og neste veke. Viktige prøvar med tanke på legge tilrette for best muleg undervisnig for elevane i etterkant av prøvane. 

Valfaget design & redesign har jobba med dekorative blad i betong, ein populær aktivitet som gav fine resultat(som de ser på bilda).

10. klasse kom laurdag attende frå Polenturen, dei har denne veka jobba mykje med prosjektarbeid knytt til turen.

Det nye skulekjøkkenet skal i neste veke vere ferdig, me gledar oss til å ta det i bruk. Det vert eit fantastisk flott kjøkken.

Framleis god helg!

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS