A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering for veke 47

Tida flyg, og brått var nok ei god skuleveke over....

sfo
vs
munch

SFO hadde onsdag foreldrekaffi, kjempebra frammøte av foreldra, og det var stas for borna å syne fram aktivitetar for foreldra. Det kjem nok eiga sak om dette på SFO si side.

1. og 2., klasse har denne veka starta med "vekevenn-friminutt". Dei skal då i gitte friminutt leike/vere saman med ein frå klassen, og kanskje ikkje den ein er saman med så mykje til vanleg. Dette er ein flott måte å verte betre kjend med alle på.

3. klasse har denne veka jobba med spikarbilete. Skal vere uvisst om dei er inspirert av alle snikkarane som jobbar rundt dei i det daglege, men resultata er i allefall flott, og dei kan handtere hammaren. Sjå eigen reportasje på deira eiga klasseside.Dei har og denne veka hatt kulturøkt, der dei fekk besøk frå barnehagen og 4. klasse.  Dei sang, spelte blokkfløyte, fortalde vitsar/gåter og las faktatekstane sine. Ei kjekk økt inne i klasserommet før me dro ut og leikte med barnehageongane

7. klasse har laga flotte teikna flotte Skrik-bilete av Munch. Mange kunstnarspirer her.

For ungdomsskulen sin del nærmar det seg no tentamenar, der dei vert "prøvd" i det dei har jobba med så langt dette året. Viktig med gode rutinar for førebuing, gjennomføring og etterarbeid her.

Me tek i dag og med litt frå Veitastrond bhg og skule. Der er vinteren kommen, og snøen har lagt seg. i tillegg er det i sommar/haust gjort ein fantastisk dugnadsinnsats frå foreldre og bygdefolk. Dei har fått på plass ny ballbinge, og ny hinder- og aktivitetsløype på uteområdet.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS