A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 2

Vinteren har teke skikkeleg tak i oss på ein god måte.

Skøyte 4
1
SKØYTE
5
fysval

Aktiviteten på isen er heilt enorm. Elevar stortrivst med skøyteaktiviteten, og elevane har gode opplevingar på isen med fysisk aktivitet, og som ein sosial møteplass. Dei aller fleste av klassane har denne veka sett av tid til skøyter i fysak, aldersblanda, kroppsøving og valfag. Her handlar det å "smi,  medan isen er god"! Komande veke får me og vitjing av andre "Lustraskular" som ynskjer å vere på isen. Me har kjøpt inn 2 nye snø-/isskraper som me brukar på isen. Me oppmodar alle om å ta godt vare på dei.

1. klasse  var onsdag på omsorgsenteret for å syngje jula ut, dei åt maten sin der, og dei hjalp til med å ta ned julepynt.  5. klasse har etter nyttår brukt juletreet til å spikke  "tvære" i Kunst- og handverktimane. Ein fin tradisjon å halde liv i. 10. klasseelevane har denne veka fått erfaring med munnlege prøvar. Øvingar med å førebu seg til eksamenar til våren er i gang.

Ha ei god vinterhelg!

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS