A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 22

Då er me i juni, og i innspurten før sommarferien

Bergen3
Bergen2
Bergen1
Bergen4
opptur1
opptur2
opptur3
opptur5
handavtrykk2
soltrykk

Klassane har vore mykje på farten denne veka.

Torsdag hadde den komande 1. klasse førskuledag på skulen. Ein flott gjeng som er klar for skulen.

2. klasse har laga fine bilde med hand- og fottrykk.

7. klassane har vore i Bergen torsdag og fredag denne veka. Mange gode opplevingar for elevar og vaksne. Dei har mellom anna vore på Historisk museum(der det jobba ei Hafslo-jente), Vil Vite-senteret og Akvariet. Dei kjem nok med ei eiga sak på si eiga heimeside etterkvart.

8. klasse var på "Opptur" saman  med Luster ungdomsskule og Luster turlag. Frå turlaget stilte Arne Fossøy og Elisabeth Dahle. Turen frå Gaupne sentrum,- opp Sandviksberget til Engjadalen, med ein stigning opp til ca 540 moh. Vidare forbi garden Råum som ligg høgt og fritt med fin utsikt, og bratt ned Råaberget til bilvegen. Heile distansen er på 13 km ifølgje GPS-spor. Flott innsats av ungdomane! Sjå reportasjen på https://luster.dnt.no/

Mange av klassane har hatt/har sosialkveldar no før ferien. Dette er kjekke stunder der elevar og foreldre er saman, og gjer kjekke ting saman. Viktig for klasse- og foreldremiljøet!

Ha ei gode sommarhelg!

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS