A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 23

Ei veke med mykje variert aktivitet dette, og ei litt vemodig veke. Vemodig fordi 1.-3. klasse hadde sin siste skuledag i "Gamleskulen" fredag. No er bygget omtrent tomt, og etterkvart vert det klart for sanering(midten av juli). Det er mange på/frå Hafslo som har mange minner knytt til bygget, og det er mykje historie som er vel vert å ta vare på. 

10. klasse avslutta veka med munnleg eksamen, der kvar elev var oppe i eksamen i eit fag. Spennande å fylgje elevane denne dagen, stemninga på "gangen" før og etter dei var inne var spesiell.

Mange klassar som har "farta på" denne veka. 6. klasse var måndag på besøkt til Sogn avis(sjå Sogn avis frå 9. juni). Dei har dette året jobba med avisprosjekt, og me reknar mange har lese avisa deira "Hafslo tidende" som dei gav ut i mai. Ei flott avis, med flotte reportasjar mm.

Mellomsteget, og 8.-9. klasse hadde fredag den årlege idrettsdagen i Moane. Strålande solksin, godt humør og god innsats av alle!

Då er det att ei veke av dette skuleåret. Den siste veka vert prega av mange diverse aktivitetar og ekskursjonar for elevane.

Ha ei god sommarhelg!

 

Kjell

IDRETT1
IDRETT2
IDRETT3
IDRETT5
IDRETT6
IDRETT7
hafslotidene
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS