A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 4

Ei blaut vinterveke, og meir regn og vind skal det bli i helga når "Tor" kjem på vitjing.

Som de ser på eit av bilda så kan blaut snø brukast kreativt,  2. klassingar har blant anna forma figurar.

V4-1
v4-10
VEKE4
V4-8
V4-9
v4-14
v4-16
2

Skulekvardagen går sin gang, og fredag hadde me fellessamling. Me har 5 fellessamlingar i løpet av skuleåret, og alle klassane skal ein gong bidra med underhaldning/syne noko av det ein har jobba med. Ei kjekk stund der alle på skulen samlast. Denne gongen var det 2. og 7. klasse som hadde ansvaret for underhaldningsdelen. Dei synte oss noko av det dei har jobba med i det siste. Det var sang, dans, og dei synte oss andre ting som dei har jobba med, så her var det  film og presentasjonar.

7. klasse deltok i haust i "Lyden av Luster", der dei jakta på dialektord i kommunen vår. I samband med dette vann dei eit "Dialektspel", og boka "Typisk norsk".5. klasse var med på www.matematikk.org sin julekalendar, der dei vann premie på kr 2000,- som dei skal nytte til kjøp av matematikkmateriell.  Kjempeflott at klassane våre deltek på diverse aktivitetar!

Ungdomsskulen har denne veka hatt "mobilfri prøveveke". Då har mobiltelefonane vore avslegne i sekken heile skuledagen, og me har lagt tilrette for diverse spelaktivitetar for elevane i friminutta. Underteikna sitt inntrykk er at dette har fungert greitt, og at elevane har vore flinke til å aktivisere seg med spela. Tanken er at me skal ha ei veke pr månad som skal vere mobilfri for ungdomsskuleelevane.

Ha ei gode helg!

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS