A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 46

Ein ny veke er over. og me er komme til midten av november..............

Blime1
Blime2
blime3
7

Ei ny veke er over, og det er på sin plass med eit lite blikk på veka me har vore gjennom...

Klassane har denne veka hatt PALS-samarbeid, der to klassar har hatt aktivitetsøkt/-er saman. Dette gjer at elevane vert betre kjende med kvarandre, og ein får felles opplevingar. Fleire klassar har og denne veka, og siste vekene hatt PALS-belønning. Denne belønninga kjem etter at klassen har nådd eit visst antal BRA-kort.  

Vèret denne veka har vore skikkeleg haust, blaut og "småsurt", men elevane finn på aktivitetar, Mange som tykkjer det er spennande å leike med vatn.

Me avslutta veka med "Blime-dansen" fredag kl 12.00. Alle 220 elevane på skulen var med, og over 300 000 skuleelvar i Norge dansa "Blime-dansen" samstundes. Kjekk aktivitet som skapar fellesskap. Fokuset til "Blime-dansen" er: "Me bryr oss om kvarandre,  sei hei,  og ver ein ven"!  Meir om "Blime-dansen" finn de her: http://nrksuper.no/super/blog/tag/blime-2015/    - kanskje finn de videoen frå Hafslo barne- og ungdomsskule der og.......(me håpar i allefall det).

Ha ei gode helg!

Kjell

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS