A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 49

Her er vekeoppsummeringa frå veke 49

felles0112151
fellessaml011215
fellessaml012152
sedrik1
snlmenn1
snømann2
snøuskule2
snøuskule1
gym2
gymbilde1

Snøen skapar god aktivitet for elevane. Mykje fin leik, men det vert og nokre utfordrande situasjonar med snøball etc. Ekstra kjekt å sjå at ungdomsskuleelevane trivst i snøenleiken og, der dei mellom anna har laga nokre kjempesvære snøfigurar.

Tysdag var det fellessamling der 1. og 6. klasse synte fram noko av det dei har jobba med siste tida. Sang, dans og film. Elevane trivst på scena, og har flotte opptredenar. Elevane øver og no mykje til julefesten som 1.-7. klasse skal ha 15. desember. Eit flott og spennande program.

I skulesymjinga er det no nissebading med mange kjekke aktivitetar for små og store.

Fleire klassar har siste tida fått PALS-belønning etter å ha samla ei viss mengd med BRA-kort. Meir om det, og mykje anna finn de om på klassesidene.

Me har lagt ut ein del informasjon vedr råd og utval ved skulen. Viktig at foreldra merkar seg dette i samband med saker som vert drøfta der, og om de evt vil melde inn saker der.

Ynskjer Dykk med dette ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS