A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 50

Det stundar mot jul, og på skulen pågår  juleaktivitetane og juleførebuingane for fullt.

JULEVERK1
JULEVERRK2
SNØBLINK
JULEVERK3
JULEVERK1
GAPA
GAPA2

Denne veka har det vore juleverkstad for 1.-4. klasse, god jobbing, og flotte produkt er vorte produserte av elevane.

Mellomsteget hadde torsdag sin årlege julelunsj, og ungdomssteget hadde sin julefrukost samme dag. Elevar og tilsette koste seg med mykje god mat i ein flott "setting". I samband med måltida hadde me vitjing av Bjørn Skovly frå Veitastrond. Han fortalde oss mykje spennande frå det gode bistandsarbeidet han gjer i Kampala, Uganda.

Fredag avslutta 1. klassen veka med eit flott Luciatog, der dei gjekk innom klassane med god sang, og dei delte ut peparkaker, medan valfag-gjengen i Fysisk aktivitet slutta av veka i Gapahuken.

Som de ser av bildeserien, så er det og laga snøballblinkar på småskulesteget sitt område.

Med ynskje om ei god førjulshelg!

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS