A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 51

Denne veka har julefest og andre juleaktivitetar prega skulen

JULEFEST-FELLESBILDE
JULEFEST2
JULEFEST3
JULEFEST4
NISSESPRELL1
NISSESPRELL3
Julu1
julu2
julu3
julu4
julu5
kyrkja

Jula nærmar seg med stormsteg, og det har vore mykje juleaktivitet i klassane denne veka, nissesprell, julesang, juleverkstad, grautfest og julefest med meir.

Tysdag var det julefest for 1.-7. klasse, og for ein flott fest. 1,5 time med eit flott og varierte program med kjempeflinke elevar. 400 publikumarar koste seg med det dei fekk servert frå 155 elevar. Her var det sang, musikk, dans, dramatisering og mykje meir av høg klasse. Alle kom skikkeleg i julestemning etter dette. Takk til elevar, tilsette og foreldre for flott jobb med festen!

Ungdomssteget har denne veka hatt juleverkstad og ulike aktivitetar der. Mange flotte produksjonar.

Veka vart avslutta med julegudsteneste i kyrkja der me song saman, og snakka om julebodskapen. 4. klasse opptrådde med song, medan 9. klasse las tekstar og tende lys.

Me ynskjer Dykk alle ei god førjulshelg!

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS