A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering frå veke 8

Me kom godt i gang att etter vinterferien, og denne veka har det mellom anna vore snøholetur, solfest og skidag.

SKIDAG1111
SKIDAG2
SKIDAG3
SKIDAG4
INDICOW1
INDICOW2
INDICOW3

1.-2. klasse hadde onsdag sin årlege solfest og karneval. Elevane og dei vaksne kledde seg ut som cowboy og indianarar(utan våpen).  Dei gjekk tog, leika åt "solsuppe" og besøkte Hafslo barnehage.

7A har ei tid jobba med grafisk design, resultata av det ser det på klassen sine eiga heimeside.

Fysisk aktivitet-gjengen i 9. klasse var på snøholetur frå torsdag til fredag oppe ved Røde kors-hytta på toppen av skitrekket.. Elevane lagde seg sine eigne snøholer og overnatta i dei i flott vintervèr.. Det vert meldt om god søvn i snøholene. Kjempeflott dette, at me kan ta med elevar denne typen aktivitetar.

Fredag var heile skulen samla til skidag på Heggmyrane, me var heldige med vèret, og små og store kosa seg. me nytta oss av dei gode skiløypene. Mange gjekk langt på langrennski, medan andre var i dei ulike skitrekka. Ein flott dag - takk til Sogn skisenter for lån av anlegg og god service!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS