A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Vekeoppsummering, veke 48

Ei ny veke er over, og me går inn i advents- og førjulstida

snø3
snø4
snømann1
snømann2

Me fekk denne veka endeleg litt snø, noko som skapte stor og god aktivitet i uteleiken. Den fyrste snøen er det alltid ekstra stas med.

Dei yngtse klassane er stadig vekk på tur i nærmiljøet. Dei vert godt kjende i bygda si gjennom fysisk aktivitet.

5. klasse var denne veka på besøk i sauefjøset til Tom Idar og Ruth Karin Kvam....mykje spennande å høyre og sjå der. Dette er eit besøk som ligg fast på 5. klasse, så alle elevane ved skulen får høve til å vere i sauefjøset. Me er takksame for samarbeidet me har med Tom Idar og Ruth Karin.

Sist fredag arrangerte elevbedrifta "Hafslo disco", discotek på skulen for 5.-7.klasse. Eit flott gjennomført arrangement på alle måtar, og eit fint tiltak. Ungdomsskulen førebur seg no til tentamenane som kjen p åløpande band i desember. Her handlar det om å få synt kva de kan, så god førebuing er viktig. Me minner og om bruktbutikken som har ope laurdagar, mykje nyttig og fint å få kjøpt der.

Hugs å ta turen innnom klassane sine eigne nettsider, der finn de mange flotte reportasjar og bilde.

Me går no inni advents- og førjulstida. Me har von at dette vert ei god og stemingsfull tid.

Ha ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS