Velkomen til julefest tysdag 15. desember
Tysdag 15. desember kl 18.00 er det klart for årets julefest for 1.-7. klasse.
Underhaldningsdelen vert i Samfunnssalen(gymsalen), og etterpå held festen fram i klasseromma..
Det vert mange folk, og til samfunnsbygget kan de bruke hovudinngangen ved Samfunnsbygget, og inngangen nede på kortsida mot kunstgrasbana(den inngangen er best egna for handicapa). Parkering ved Hafslo barnehage, og på nedsida av Samfunnsbygget, tilkomst via parkeringa ved Hafslo bhg. De kan og parkere ved gamle Luster vidaregåande skule.
Velkomen til julefest på Hafslo barne- og ungdomsskule!