A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
sommer

Velkommen til nytt skuleår!

Skuleåret startar måndag 16. august kl. 8.30.

Me ynskjer alle elevane våre velkommen! 1. - 4. kl. og 6. kl. møter på nedsida av fellesbygget/gamle husmorskulen, ved steinamfiet. 5., 7. kl., 8. kl. og 9. kl. møter på skuleplassen ved den inngangen dei skal bruke. 10. klasse møter utafor administrasjonsbygget. Foreldre/føresette til 1. klassingane er hjartelege velkomne til å vere med.

SFO har ordinære opningstider. Det er full skuledag og ordinær skuleskyss den dagen.

Ha med eiga drikke fyrste skuledagen. Skolelyst.no gjeld frå 17.08.21.

Elevar som brukar sykkel til skulen, skal bruke sykkelhjelm. Sykkelvegen er fortauet gjennom gata og ned Funkaobakken. Bruk stativa ved klatreparken og kunstgrasbana for å parkere sykkelen. Kun 10. klasse og tilsette som syklar ned til administrasjonsbygget og parkerer sykkelen der.

Når det gjeld korona så startar skuleåret på grønt nivå, men avstand, handhygiene og sjukdom skal ALLE ta omsyn til. Blir utruleg kjekt å treffe alle saman etter ein fantastisk solrik sommar!

Vel møtt måndag!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS