A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Viktig oppdrag!

1. og 2. klasse fekk i oppgåve å telja alle billettpengane som kom inn på Mørkridsdalskvelden.

Og å finna ut kor mange vaksne som betalte billett.

Pengar
Pengar
Rekning
Rekning
Pengane oppi konvolutten
Pengane oppi konvolutten
Klar for banken
Klar for banken

Vi starta med å sortera pengane og sjå på dei ulike sedlane og myntane vi har i Noreg. Det gjekk veldig fort og greitt! Etterpå talte vi opp kor mange det var av kvar, og kor mykje verdt kvar gruppe var. Elevane var veldig flinke og talte langt og til og med med to i gongen då vi skulle finna ut kor mykje 200-gruppa var verdt!

Vi fann ut at det kom inn kr 4500,-

Då var neste spørsmål: Kor mange billettar solgte vi då? Forslaga varierte frå 70 til 7000... Kor mange er det eigentleg plass til nede i gymsalen i Fjordstova? Og vi bar jo inn ekstra stolar...Og alle ungane gjekk jo gratis..... Mange premisser vart lagt. Men:  Korleis skulle vi finna ut kor mange 50-kroners billettar vi solgte for 4500 kroner??

Dei fann ut at vi kunne finna ut kor mange billettar vi solgte i kvar penge-gruppe. Mykje enklare enn å rekna med heile summen. Vi sette teljestrek for kvar billett og når vi hadde gjort det med alle pengane, laga vi tiarmengder av streka. Og jammen fann dei det ut: 90 billettar vart solgt for til saman 4500 kroner!

Dette vart ei god matematikkøkt!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS