A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

Vårsol og vårblomster

Våren er komen for fullt på Skjolden, både inne og ute

Formingsprodukta som blir produsert no om dagen  fortener litt omtale og blest. Og det er meir spennande på gang!

Kreative vaksne og ungar gir kjempefine resultat, berre sjå!

2015-04-26
Papirflykonkurranse

Papirflykonkurranse

I høve fokuset på papirbretting i faget kunst og håndverk for 1. og 2. klasse hadde me i dag ein konkurranse med papirfly.

Elevane lagde flere forskjellige variantar med varierande resultat, men gøy var det for alle saman!

Kor langt kan ditt papirfly fly?                                                                                               

 

2014-11-24
Trappetrinnteljing

Tiarvener og teljemeistrar

Torsdag jobba vi med tiarvener, flest og færre og teljing i matematikkøkta. I tillegg repeterte vi partal og oddetal frå sist veke.

 

2014-09-19
Talrekkja

Tal

I matematikkøkta i dag har vi arbeidd med tal og terningbilete i 1. og 2. klasse. Sjå kor fint det vart!

Me var òg innom oddetal og partal, og kva som skjedde når to oddetal gjekk saman, eller to partal eller eit av kvar... Magisk!

2014-09-11
Stilige typar!

Karsetroll

Sist veke laga 1. og 2. klasse til kvar sitt hovud og sådde karse til hår.

No er dei så langhåra at ein hårklipp til 17. mai hadde vore på sin plass!

2014-05-15
Matematikk og godteri

Matematisk godteri

I 2. klasse jobbar vi med dobling og halvering, og det passar godt i lag med engelsk konfekt!

Det visste de ikkje..... :-) I tillegg fann vi matematiske lakrisar med fem røyr i ein lakris!

Matte er jammen moro - og godt!

2014-02-12
Store og små samarbeider om bakinga

Juleførebuingane er allereie i gang...

No går det fort mot 1.desember, og då må peparkakekalendaren vere klar i klasseromma!

2013-11-27
Norge i kitt

Korleis ser Norge ut på kartet?

Det var spørsmålet vi jobba med i samfunnsfag i dag. Nokon tykte det likna på ein gitar, men andre meinte at gitaren var rett og ikkje så krokbøygd......

Etter å ha sett ned på verda frå raketten vår oppe i verdsrommet v.h.a. kart i ulike målestokkar, kunne alle finna att Norge på både verdskart og Europakart.

Til slutt laga vi forma av Norge i kitt, og det var ikkje heilt enkelt........ :-)

2013-10-31
Powered by CustomPublish AS