A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

NYTT SFO ÅR

No er me komen godt i gang på SFO. Ungane finn seg godt tl rette på SFO, og byrjar å bli litt kjende med rutinar og oss vaksne som jobbar her. Me har fokus på korleis me skal vere mot kvarandre på SFO, både i leik og ved matbordet.

Me kjem til å vere mykje ute, så gode utekle tilpassa veret er viktig. Bytekle i garderoben bør det og vere, så sjekk garderoben av og til.

Me kjem til å lage varmmat, eller noko ekstra god mat kvar tysdag, og no tysdag (29/8) serverte me fiskegrateng med poteter, pasta, raspa gulrøtter og smelta smør. Veldig populært, så det prøver me igjen seinare.

Dersom de lurer på noko må de berre ta kontakt med personalet på SFO, me svarar på mykje. De får innkalling til foreldremøte om ikkje så lenge.

GOD HELG

2017-09-01

VÅR PÅ SFO

På sfo har det no blitt skikkelig vårfølelse. Me nyter flotte dagar ute, og prioriterer fin og fri uteleik framfor styrt leik. Ungane koser seg, og dei er veldig flinke til å bruke fantasien sin til å finne på ulike måtar å leike på ute.

Me har dei siste vekene hatt litt forskjellig varmmat. Pølse i brød, blomkålsuppe, ostesmørbrød, fiskeburgar m.m. Dei fleste ungane er veldig flinke til å smake på mat som er ny for dei.

 

2017-05-05

Visma flyt skole

Mange har no logga inn og nyttar Visma. Hugs:

  • Sjå etter at du som føresett står oppført med mobilnummer og kryssa av "SMS skole - hjem"
  • Trykk generelt samtykke
  • Trykk samtykke på kvar av ungane dine
  • Lagre nummeret til kontaktlæraren til din unge og bruk dette i staden for privatnummeret 
2017-03-28

Litt sfo nytt

Dei sistevekene har me hatt mykje ulike aktivitetar på SFO. Når snøen låg fin ute, var me mykje ute og leika isnøen. Kjekt for alle med litt snø. No er snøen våt og sørpete, og då blir det mykje blaute kle i løpet av dagen. Me på SFO ynskjer at ungane har nok bytekle i garderoben til at me og kan vere litt ute på ettermiddagen, så ta ein sjekk i garderoben om bytekle er på plass.

Me lagar ulike ting på SFO, og denne veka har me atarta med å lage litt påskebileter som me har kløpt ut og laminert. Me har også starta med å lage våre eigne draumefangare. Dei vil me ha hengjande til pynt i vundaugene våre ei stund før dei får dei med seg heim. Fredag startar me opp med å lære oss å lage armbånd i makrame. Dette krever litt trening, menme trur at alle som vil kan klare dette.

Me har hatt mykje forskjellig varmmat, og nokre av varmmaten me lagaer er veldig populær, medan noke er mindre populært. Pølser, pizza, grønsaksuppe, lappar, tomatsuppe, fiskeburgar er nokre eksemplar på kva me har laga. Ein måndag laga me fiskesuppe med fiskepudding oppi...... me lagar ikkje det fleire gonger.

Ynskjer alle ei riktig fin og god helg.

2017-03-17
Powered by CustomPublish AS