A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Besøk av mobbeombud Aina Drage

Barnekonvensjonen 30 år

I samband med at barnekonvensjonen er 30 år 20.november 2019 var mobbeombod Aina Drage på besøk på skulen og me feira med ballongar og kake. 

Resized_20191120_102710_7057_250x333.jpg

I august 2018 vart Aina Drage tilsett som mobbeombod i Sogn og Fjordane. Ho jobbar for at alle barn og unge skal ha det trygt i barnehagen og på barne- og ungdomsskulen. Hos oss fortalte Aina om jobben sin og svarte på spørsmål elevane hadde laga i forkant. Kva gjer eit mobbeombod? Kjedar ho seg i jobben sin? Kva gjer ho når ho får vite at nokon er mobba? Kvifor er ikkje USA med  på barnekonvensjonen?

Aina snakka og om barnekonvensjonen som er 30 år i dag og framheva artikkel 12 om å seie meininga si. "Alle barn har rett til å seie meininga si bli høyrt". Barnekonvensjonen skal gi barn eigne rettar , td rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. 

Me feira med bursdagssang, ballongar og nydelege kaker frå ATS. 

20191120_110202_250x188.jpg

 

 

 

 

 

20191120_105954_250x188.jpg

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS