Skuleåret for Indre Hafslo skule 25/26

Denne skuleårsplanen tek utgangspunkt i felles skulerute for Luster kommune med eigne datoar lagt til. Elevane er på skulen 185 dagar i året (190 fordelt på 185 dagar). Dagar er elevane avspasserar er lagt til fredagar og måndagar etter ynskje frå FAU. Desse dagane er det eit ope SFO tilbod for elevar på 1-4 trinn. Det blir sendt ut påmelding for desse dagane i forkant. Datoar kan endre seg, men me prøver å halde oss til planen så langt som råd. 

Månad 

Veke/dato  

September 

Elevar avspaserer 22. september (Ope SFO tilbod 1-4. trinn m/påmelding)

FAU møte 23. september klokka 17:30

Oktober 

Rydde garderobar før haustferie

Haustferie veke 41: 6.-10. oktober 

Utviklingssamtalar frå veke 42 og utover

Møte i samarbeidsutvalet (SU/SMU) 14. oktober

Halloweenkveld i regi av FU 31.oktober (forslag, FAU avgjer dette)

November 

Elevar avspaserer 6. november (Ope SFO tilbod 1-4. trinn m/påmelding)

Elevfri dag: fredag 7. november 

Bygde kafé arrangert av 5-7. trinn 19. november

Desember 

Rydde garderobar før juleferie

Siste skuledag før jul: fredag 19. desember 

Januar 

Planleggingsdag fredag 2. januar 

Første skuledag etter jul: måndag 5. januar 

FAU årsmøte 20. januar (forslag, kan endrast)

Elevar avspaserer 30. januar (Ope SFO tilbod 1-4. trinn m/påmelding)

Februar 

Rydde garderobar før vinterferien

Vinterferie veke 8: 16.-20. februar 

Mars 

Utviklingsamtalar frå veke 12 og utover

Elevar avspaserer 16. mars (Ope SFO tilbod 1-4. trinn m/påmelding)

Rydde garderobar før påskeferie

Siste skuledag før påske fredag 27. mars 

Påskeferie veke 14: 30. mars -  6. april 

April 

Første skuledag etter påske: tysdag 7. april 

Storeforeldremøte 14.april 

FAU grilling før foreldremøte (forslag) 

 

Mai 

Elev- og lærarfri: fredag 1. mai   

Elev- og lærarfri: Kristi Himmelfartsdag torsdag 14. mai 

Elev- og lærarfri: måndag 25. mai 

Juni 

Sommaravslutning onsdag 17. juni

Rydde garderobar før sommarferie

Siste skuledag: torsdag 18. juni 

Elevar avspaserer fredag 19. juni (Ope SFO tilbod 1-4. trinn m/påmelding)

 

 

Endringar frå i fjor

Endringar som resultat av diskusjonane på storeforeldremøtet i vår:

  • Skulen trekker seg ut av sosialkveldane. FAU arrangerer to i året som før.
  • Halloween blir ståande som den fyrste sosialkvelden. Dette gjere at alle elevar kan markere halloween og gå dør til dør. Skulen kan opne for utkledningsdag. 
  • Delte meiningar om sosialkveld før påske. Fleirtalet ynskjer å behalde veka før påske som fast utgangspunkt. Delte meiningar om påskeegg jakt. Det var også forslag om å gjere denne kvelden klassevis. 
  • Nissefest og julearrangement blir slått saman og markerast same dag, men på ulikt tid. 
  • Sommaravslutning blir sett opp som før då dette er sakna av skulen og FU. 
  • Kvar klasse arrangerer foreldrenettverk to gonger i året. Klassekontaktar har ansvar.
  • Barnehagen bør inkluderast i sosialkveldane, eventuelt setje opp eigne ettermiddagar/kveldar for barnehagen. Dette blir spelt inn til FAU. 

 

'Andre endringar:

  • Komprimering av skuleåret. Skuleåret er no 185 dagar, elevane har nokre minuttar meir med undervising kvar dag og avspaserer fem dagar i løpet av skuleåret. Desse dagane er det eit ope SFO tilbod for 1-4 trinn. Dette er uavhengig av om ein har SFO eller ikkje. Det blir sendt ut påmelding til desse i forkant av kar dag. 
  • Skulefrukt vil me fortsetje med. Dette kan kva og ein bestille på www.skolefrukt.no

 

FU og foreldremøtet i vår:

  • Det bør diskuterast ny FAU-struktur etter ynskje frå FU i vår. Einaste kravet er å ha ein leiar/kontaktperson med vara. Kva struktur ynskjer FU? 
  • Oppvekstsenteret ynskjer stabilitet, kan det vere aktuelt at føresette sit over fleire år som leiar/FAU medlem. 
  • Forslag frå FU i vår å opprette ein kasserer og sekretær.