A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Informasjon om Kikora og lekser

Kikora er eit nettbasert matematikkprogram som me nyttar til heimelekser i matematikk. Programmet er meint å skulle auke motivasjonen og til å hjelpe elevane til å utvikle seg i faget, samstundes som det syner kva som er utfordringar for den einskilde elev og kva som er neste utviklingspunkt.

Her kan elevane løyse så mange oppgåver dei vil og velje tema dei er usikre på. Programmet har ein eigen sti for elevar som ynskjer å gå opp ein karakter; Ein opp.

 Det er kome innspel frå føresette som opplever at elevane brukar mykje tid på lekser og at dei strevar, og med bruk av Kikora. Kikora er meint som støtte til innlæring i matematikk og skal gje elevane større mulegheit til tilpassa opplæring ift nivå. Me forventar at føresette tek kontakt med faglærar dersom dei har utfordringar rundt lekse. Skulen vil være med og leggje til rette og rettleie.

Debatt om lekser pågår i media og for oss på LUS er lekser viktig med tanke på å få repetere, reflektere og få mengdetrening på lærestoffet. Det er og eit viktig bindeledd heim-skule. Me er avhengige av at føresette støttar opp om dette arbeidet.

Elevane har studietime, der dei kan jobbe med lekseplan og få fagleg støtte. Leksehjelp utover dette kan verte aktuelt frå januar. Det skal skulen koma nærmare tilbake til.

Ta kontakt med administrasjonen, eller kontaktlærar/faglærar om de har spørsmål rundt dette teme. 8. trinn skal ha temamøte i desember, der me skal drøfte tema; lekser.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS