A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Dette spørsmålet vart stilt i FAU- møte forrige veke.

KORLEIS SKAPE INDRE MOTIVASJON FOR RESTEN AV LIVET?

I veke 46 hadde me eit litt anna program enn vanleg. Sjå tidlegare informasjon på heimesida og lenke til program for Motivasjonsveka.

Me har arbeidd med omgrepet motivasjon: Kva tyder det for deg? Gjennom føredrag med Rasmus Mo, ordkart, entrepenørskap, swot-analyse mm. har me hatt fokus på temaet.

Lærarane brukar mykje tid på vurdering - og føresette er i desse dagar på samtale saman med sin ungdom på skulen. Der ser ein på kartlegging, mål og ikkje minst undervegsvurdering - kor går vegen? Ungdomen må sjølv ha eigne mål - og me kan støtte opp, men arbeidet og innsatsen må dei sjølve gjere.

Me vonar at denne veka har gjeve inspirasjon til dette. Veka er kick-off for ungdomstrinn satsinga, etter jul. Der tema er: På lag for meir læring og motivasjon. Les gjerne meir om dette på Udir.no.http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/

motivasjonlus
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS