Datoen er ikkje tilfeldig. Den 12. mai 1885 gjorde Stortinget det såkalla jamstillingsvedtaket, der landsmål – som seinare fekk namnet nynorsk – vart jamstilt med dansk skriftspråk, som seinare utvikla seg til bokmål. Vedtaket vart eit viktig vendepunkt i norsk språkhistorie og la grunnlaget for at Noreg skulle ha to offisielle skriftspråk.
Nynorskdagen har dei siste åra vorte ei nasjonal markering der både kommunar, statlege verksemder, organisasjonar og privatpersonar vert oppmoda til å bruke meir nynorsk denne dagen. Initiativet kjem frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom, som ønskjer å synleggjere nynorsken i kvardagen og gjere terskelen lågare for å ta språket i bruk.
Sjølv om nynorsk står sterkt mange stader på Vestlandet, er det i dag eit mindretalsspråk nasjonalt. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 11,1 prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som hovudmål i 2025. Samstundes reknar ein med at kring 600 000 menneske i Noreg nyttar nynorsk som hovudmål.
I dag har 87 av Noregs 357 kommunar nynorsk som administrasjonsspråk. Mange av desse kommunane ligg i Vestland og Møre og Romsdal, der nynorsken framleis står sterkt i både skule, kulturliv og offentleg forvaltning.
For Luster kommune er nynorsk ein naturleg del av kvardagen. Språket bind saman dialektar, lokal historie og identitet, og er ein viktig del av kulturarven vår. Nynorskdagen er difor ei påminning om verdien av å ta vare på og bruke språket vårt – ikkje berre 12. mai, men kvar einaste dag.
Les meis om nynorskdagen:
Noregs mållag
SSB - Nynorsk som hovudmål
Norgeshistorie - Jamstillingsvedtaket