Mazar-e Sharif, Afghanistan april 2007. (Foto: Eilif Rosnæs)Kommunane Luster, Vik og Sogndal, i lag med Noregs Veteranforbund og Forsvaret, arrangerer 8. mai ei markering av frigjerings- og veterandagen.
Markeringa finn stad ved minnesteinen på Lægereidsplassen i Sogndalsfjøra klokka 17.00.
Det vert minnetale ved ordførar i Sogndal kommune Stig Ove Ølmheim, kransenedlegging og musikalsk innslag ved Sogndal musikklag.
Etter markeringa inviterer kommunen veteranar med familie til middag på Lægreid Hotell.
Ønskjer du å delta på middagen?
Ta kontakt med Halvard Gjerde og send ein e-post til Halvard.Gjerde@sogndal.kommune.no innan 6.mai.
Vel møtt!
Kjelde: Frigjerings- og veterandagen 8. mai - SOGNDAL KOMMUNE