Eldredagen 1. oktoberVi minner om at 12. september er siste frist for å melde seg på EldredagenOddgeir Bruaset Aida Studio Oddgeir Bruaset kjem til eldredagen på FjordstovaEldrerådet i samarbeid med Folkeakademiet Luster arrangerer eldredagen onsdag 1. oktober frå kl 14.00 på Fjordstova i Skjolden.Oddgeir Bruaset viser bilete og fortel med utgangspunkt i siste boka si Gjensyn. Du får sjå og høyre korleis det har gått med dei som budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du får også høyre om status i helse- og omsorgsprosjektet og får god servering.Informasjonen blir i salen nede i Fjordstova og serveringa blir i kafeen oppe. Du vel om du vil bruke inngangen nede eller hovudinngangen ved kafeen.PåmeldingDu som er 60 år og eldre og bur i kommunen, kan melde deg på. Me tek imot påmelding i perioden frå 1. september til 12. september kl. 12.00, inntil 150 personar. Meld deg på til Luster kommune, tlf. 57 68 55 00 eller post@luster.kommune.no
Sjå opptak av møtet Opptak av møtet i kommunestyret er no publisert på kommune-TV. Blant sakene som vart behandla var felles barnevernteneste, zipline i Jostedalen og fle...
Søknadsfrist for kulturskulen Måndag 19. mai er søknadsfrist og utmeldingsfrist. Me kan tilby friplassar ved behov.
Markerte frigjeringsdagen Frigjerings- og veterandagen vart i år markert med ei høgtidleg samling for kommunane Sogndal, Luster og Vik ved Solvorn kyrkje. Dette er første gang ...
Redusert foreldrebetaling Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage.Familiar med låg inntekt og barn i barnehage kan søkje om moderasjon i foreldrebetalinga.
Sesongopning Nigardsbreen Velkomen til Nigardsbreen i 2025! Besøkande vert oppfordra til å følgje merka sti, og å ha respekt for skilt og sperringar.
Utforsk lokalhistoria Kulturen i Naturen er eit filmprosjekt med utspring i Luster si rike lokalhistorie. Gjennom 13 filmar og 36 kortfilmar, får du høve til å bli betre kj...
Stipend barnehagelærarutdanning Stipend til arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning på deltid. Arbeider du i barnehage og ønskjer å bli barnehagelærar? Til hausten startar det opp ...
Endeleg vedtak Haugåsen Kommunestyret vedtok i møte 10. april, sak 25/25, detaljreguleringsplan for utviding Haugåsen - planID 2023007. Planvedtaket blir med dette kunngjort ...