Representantar for arbeidsgruppa- fv. Frode Svori (Brevegen), Kristine Selbervik Lund (praksisstudent, NMBU), Andy Cullens (Icetroll), Florian Dremsa (Breheimsenteret), Marte Meland (Luster kommune), Steinar Bruheim (Jostedalen Breførarlag).
Erik Skjerdal (Politiet Vest)
Tidleg start på sommarsesongen ved Nigardsbreen.
Torsdag var arbeidsgruppa for Nigardsbreen – som består av forvalting, oppsyn og lokale aktørar – på plass i området. Dei gjorde klart utkikkspunktet ved brefronten og sikra at stien var i god stand.
Nigardsbreen naturreservat er det absolutt mest besøkte verneområdet i Luster, og kommunen som forvaltingsstyresmakt jobbar mykje med tryggleik og tilrettelegging for besøkande. På grunn av tidlegare alvorlege ulukker knytt til isras og flaum i elva, er det lagt ned mykje arbeid for å informere dei besøkande om naturfarane i området. Det er også gitt rettleiing om korleis ein kan ferdast trygt, og turen fram til utkikkspunktet er merka og skilta. Frå juni er det dagleg ein informasjonsvert tilstades for å bidra til trygge og gode opplevingar for besøkande.
Sidan klimaendringar gjer til at isen smeltar fortare enn det vert danna ny is, ligg brefronten lenger og lenger opp i dalen. I 2024 målte NVE brefronten omlag 40 meter lenger unna enn året før. Sidan 2003, då breen var på sitt største i seinare tid, har brefronten trekt seg 750 meter lenger oppover i dalen. Når isen smeltar, kjem nytt terreng til syne, og turen fram til brefronten blir gradvis lengre.
Florian og Erik sett opp utkikkspunkt.