Redusert foreldrebetaling

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid i barnehage

Familiar med låg inntekt og barn i barnehage kan søkje om moderasjon i foreldrebetalinga.

Det er to nasjonale moderasjonsordningar for familiar med låg inntekt. Frå 1. august 2025 må samla brutto årsinntekt vere lågare enn 275.000 kroner for at du kan søkje om redusert foreldrebetaling. Maksprisen for ein heil barnehageplass pr månad er kr 1500. Ingen skal betale meir enn 6% av brutto skattbar inntekt.

Alle 2-, 3-, 4- og 5-åringar i familiar med samla brutto årsinntekt under 669 050 kroner kan søkje om 20 timar gratis barnehage pr veke. For barnehageåret 2025/2026 gjeld gratis kjernetid for barn som er født  2020, 2021, 2022 og 2023. Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har delt eller heil barnehageplass.

For at søknaden skal bli behandla før faktura for august vert sendt ut, må søknaden vere sendt innan 1. juli.

Søknadskjema finn du i Føresetteportalen

Du kan søkje gjennom heile året. Eit vedtak om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid vil normalt gjelde frå månaden etter at fullstendig søknad er motteken og ut barnehageåret.

Luster kommune hentar ut inntektsopplysningar frå siste års skattemelding. Du treng difor ikkje legge ved siste skattemelding.

Er den noverande inntekta annleis enn det som kjem fram i skattemeldinga, må dette dokumenterast. Dokumentasjonen kan vere lønnsslipp eller utbetalingar frå NAV.

Hugs at du må sende søknad om redusert foreldrebetaling for kvart barnehageår!

Når du er logga inn i søknadsportalen kan du velje språk ved å trykke på pil ved namnet ditt.