
Det er utvikla ein vaksine mot almesjuke, og denne vil Statsforvaltaren i Vestland prøve ut i Indre Sogn denne våren. Vaksinen hindrar sjukdomen i å utvikle seg, og på den måten kan ein berge enkelte tre som forhåpentleg kan bli ståande att og spre nye frø i lauvskogsliene etter at sjukdomen har herja.
Har du eit almetre som du trur kan eigne seg for vaksinering?
Det bør vere ganske store tre som står litt oppe i lia, og som kan bli ståande der i mange år framover. Vi har avgrensa med vaksine, så det kan berre bli vaksinert relativt få almetre. Merk at vaksineringa må gjerast på ny kvar vår så lenge sjukdomen herjar.
Tre kan meldast inn til Marte Meland (90 18 79 57, marte.meland@luster.kommune.no).

Dersom du har fleire almetre, kan du sende ein SMS eller ein epost med gards- og bruksnummeret ditt, så kan vi, i felt, leite opp eit passande tre som tilfredsstiller kriteria våre. Om du har eit spesielt tre i tankane, kan du eventuelt sende eit skjermbilete av eit kart der treet er markert. Det er vanskeleg å forklare plasseringa av tre på telefonen, så det er fint om vi kan få informasjonen tilsendt.
Vaksineringa vil skje i løpet av dei neste vekene.
Les meir på Statsforvaltaren si side.